Hu hei kor er det vel friskt og lett
uppå fjellet - uppå fjellet!
Her leikar vinden i kåte sprett
uppå fjellet - uppå fjellet
Og foten dansar, og auga lær
og hjartet kveikjande hugnad fær
uppå fjellet!
Kom upp kom upp frå den tronge dal
upp på fjellet!
her bles ein blåster so frisk og sval
uppå fjellet!
Og lii skin utav blomar full
og soli drys alt sitt fagre gull
Uppå fjellet!
I dalen stavrar du tung og heit,
Kom på fjellet!
Kor fint her er, ikkje nokon veit,
her på fjellet!
Dit auga flyg yver nut og tind,
det er som flyg det i himlen inn
uppå fjellet!
Og når no soli til kvile gjeng
attum fjellet,
då reida skuggane upp si seng
attmed fjellet
Då giddrar alt i ein strålestraum,
og hjarta sveipar seg inn i draum
uppå fjellet!
Takk for turen, mamma.
❤️
Teksten satt, den!
he he litt av noen fjellstøvler mamman din går med. Spørs om det blir fjellturer på meg neste uke, da jeg starter ferie.
SvarSlettNei, det skal ikke stå på antrekket 😅
SvarSlett"Vart det rett nu da?" :D Så herlig! <3
SvarSlettIkke så lett å huske teksten bestandig ☺️
Slett